Fragtfri bestilling over 1.000 kr. Vi fortolder!
BLACK WEEK! 10% PÅ NÆSTEN ALT!

Test av Dynam Cessna

Test av Dynam Cessna

Dynam Cessna 400 EP er eit lite Ready to fly isopor/depronfly av den kinesiske produsenten Dynam. Det skal være en god trainer for nybegynner, og alt av utstyr man trenger følger med.

Skrevet af ? - 01.11.2024 14:46:31

Åpning og montering:

Ved første augekast ser denne modellen ganske grei ut. Den er fint skjært ut, og var ingen tegn til skadar etter transporten. Alle delar låg fint pakka inn i plast, og var sortert på ein ryddig måte. Nesten alt utstyr er ferdig montert, som servoar, mottakar, og rorstag. Eg tok ein rask skjekk gjennom byggemanualen for å se ka for eit arbeid som låg foran meg. Det einaste eg skulle gjere, var eigentleg å rorhorn på høgderor og sideror samt lime dei fast. I tilleg måtte eg og montere fast hjula. I følge manualen, skulle denne modellen være ferdig montert i løpet av minutt. Eg starta med å lime fast hjula med det mødfølgande limet. Dette limet kunne i konsistens minne om fuktigheitskrem, og virka ikkje særleg sterkt. Men sidan eg ikkje hadde noko anna disponibelt, brukte eg det likevel. Eg forsatte så med å lime fast høyderoret. I med at det er eit lite høyderor i størrelse, er det veldig lett å montere det riktig, altså midt på. Så limte eg fast sideroret, noko som gjekk enkelt og greit, heilt til eg skulle montere rorhornet. Det viste seg nemlig at eg hadde fått eitt for lite, og hadde derfor ikkje eit rorhorn til sideroret. Men ein rask mail til elefun.no fiksa dette fort. Men når eg endelig fikk roret, fant eg ut at staget var alt for kort, og fikk då ein alt for stor vinkel på roret når det stod på nøytral. Så bestemte meg for å blåse i heile roret, og bare la det stå. Så no gjensto det bare å lade batteriet, og fly.


Bilde: Flyet ferdig montert, klart for første flytur.

Testflyging:

I med at dette var min første tur nokon gong med eit RC-fly, hadde eg ikkje store forhåpningar. Eg fann ein parkeringsplass utanfor ein coop-butikk som virka stor nok. Flyet tok av etter få meter, og eg hadde god fart mot coop-bygget. Så skulle eg prøve min første sving, som resulterte i at flyet gjekk opp ned, og eg fekk litt panikk og klarte å smelle flyet rett ned i bakken.
Flyet klarte seg grei i forhold til krasjet, og etter litt lim var det fiksa. Fant dog ut at cowlingen bare var i veien. Prøvde å fly igjen, men fekk det aldri skikkelig til før eg bytta sender til ein Futaba 7C. Då kunne eg endelig stille utslaga på rora sjølv, noke som gjorde det mykje lettare for ein nybegynner som meg å fly. Etter senderbytte har eg ikkje hatt problem med å fly i det heile tatt. Flyeigenskapane er meget gode, og det flyr fint og stabilt. Om ønskelig kan ein og fly ganske så sakte uten å gå i stall, men kan og få det opp i god fart. Det er og fullt mulig å gå vertikalt, roll og loops uten problem. Bare pass på å ta litt teip over vinga, siden den visstnok kan falle av ved heftige manøverar. Flyet tåler dog ikkje mykje vind. Bare små vindpust skal til for at du merker ganske stort forskjell på flyeigenskapane, men sånn er det med dei fleste isopor/depron fly.


Bilde: Resultat av krasjet. Ikkje alt for mye skader, og lett å fikse.

Konklusjon:

Flyet i seg sjølv er i svært god kvalitet, sjølv om eg måtte la være å bruke sideroret. Kunne heilt sikkert funnet en løsning, men gadd ikkje ta meg bryet da det gikk fint utan. Det anbefalast å skaffe seg en annen sender enn den som følger med, då den gjorde det betydelig vanskeligare å fly. Cowling kan du også fjerne, då ein må regne med å bytte propell ganske ofte, og cowling bare blir i veien. Men alt i at et meget godt fly som egnar seg for nybeynnerar som aldri har flydd før.

Artikkelen kan også leses på http://www.mortenbilet.net/dynam.html


Se artikel om
Forgasserjustering på bensinmotorer
Blizzard - en glimrende elektroseiler fra Reichard